Om

OM SKÅNEVIK BYGDEUTVIKLINGSLAG

Foto:Bjørn Kristiansen

Å skape samhandling, kulturell utveksling og møtestadar for born, vaksne, nye og gamle sambygdingar gjennom dugnad, har alltid vore ein av kjerneverdiane i Skåneviksamfunnet. Det ligg naturleg for Skåneviksbuen å jobbe saman for felles godar som Torgdagar, Idrettshall, Idrettslag og Blues.

I mange generasjonar har Skånevik vore eit knutepunkt for

handel, industri og kultur.

Dette gjer at bygda tilhøyrar mange fleire enn dei fastbuande.

Skånevik Bygdeutviklingslag vil spele ball med alle i Skåneviksamfunnet. Me ynskjer å finne dei gode prosjekta, løfte fram dei spennande ideane, og hjelpe til med å verkeleggjere dei.

Laget ynskjer å føre bygda inn i framtida med dei same gode rammene for oppvekst, næring, kultur og alderdom. Skåneviksbuen skal vera stolte av heimbygda si, dei skal framsnakke bygda ute i verda og alltid vende

tilbake til staden der dei har sine røter.

Bygdeutviklingslaget vart skipa på initiativ frå Skånevik Ølen Kraftlag. Kraftlaget hadde eit ynskje om å tilføra nye midlar til bygdene i sitt nedslagsfelt, som ei ekstrastøtte, i tillegg til den faste sponsinga av lag og organisasjonar. Bygdeutviklingslaget vil vera eit forvaltingsorgan med

SØK-midlane som ei grunnstamma i arbeidet. Sjå også

Styret og Vedtekter.

Skånevik Bygdeutviklingslag ynskjer ei solid medlemsmasse med tyngde i Skåneviksbuen. Dette for å ha eit fundament til å kunne uttale seg i viktige saker på vegne av medlemmane.

Du som medlem får og innverknad på kven som til ein kvar tid sit i styret i SBUL.

Medlemsinformasjon finn du Her.

 

 

Skånevik Bygdeutviklingslag

Åsheimsvegen 82

5593 Skånevik

Epost: post@sbul.no

Telefon: 908 66 804